Om Marin

Marin Stallemo Bakke (f. 02.12.1994) er fiolinist og hardingfelespelar frå Kristiansand med bachelor- og mastergrad i utøvande musikk frå Norges musikkhøgskole i Oslo. Eg held til i Kristiansand og jobbar som musikar, pedagog og formidlar med særskilt sterk forankring i klassisk musikk og norsk folkemusikk. Eg har brei og allsidig erfaring frå både utøvande og pedagogisk verksemd.

Musikken har fulgt meg gjennom heile livet. Som utøvande musikar arbeider eg både med fiolin og hardingfele innanfor fleire ulike sjangre, og eg har mykje erfaring frå orkester, kammermusikk, som solist, som studiomusikar, musikar i band (fast i “Susie & the Spuds” og “Sognafolk”), musikar i samspel med kor (både klassisk og pop), musikar på ulike TV-produksjonar, musikalar, etc. Eg har også erfaring med arrangering og transkribering av musikk.

Eg har i tillegg gjennom fleire år undervist ved Sogn kulturskule, der eg har arbeidd med både fiolin- og hardingfeleelevar. Erfaringa frå kulturskulen har gjeve meg eit sterkt engasjement for den einskilde eleven, meistring, motivasjon og skaparglede. Eg er oppteken av korleis undervisninga kan tilpassast ulike elevar, og korleis musikkopplæring kan skapa fellesskap og gi elevane opplevinga av å lukkast. Eg tok PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) ved Høgskulen på Vestlandet frå 2024-2026.

Eg tek ulike oppdrag som utøvande musikar og pedagog. Ta gjerne kontakt for ein prat!

Foto: David Zadig

Treng du musikar til eit oppdrag?

Eg tek alle slags ulike oppdrag; bryllaup, gravferd, konsert, ulike eventar, undervisning… Send gjerne ein førespurnad!

Sms: 938 91 929

Epost: marinfiolin@gmail.com

…eller bruk kontaktskjemaet på denne sida